Serenade nr. 10 av Mozarts R9zGJw лыrd cEe567 Sa 13 tL.ылпs Uue
| Serenade nr. 10 Grand Partita K. 361 Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart | ||
| Sjanger | Orkestermusikk | |
|---|---|---|
| Periode | Wienerklassisismen | |
| Komponert | -1781-1782 | |
| Typisk lengd | 47:50 | |
| Satsar | 7 | |
Serenade nr. 10 for blåseinstrument i B-dur, K. 361/370a, er ein serenade av Wolfgang Amadeus Mozart skriven for tretten instrument (tolv blåseinstrument og kontrabass). Stykket vart truleg komponert i 1781 eller 1782 og vert ofte kalla «Gran Partita». Verket har sju satsar.
Verket er instrumentert for to oboar, to klarinettar, 2 bassetthorn, 2 fagottar, 4 valthorn og kontrabass. Kontrabassen vert stundom erstatta av kontrafagott.
Satsar[endre | endre wikiteksten]
Serenade har sju satsar:
- I. Largo. Molto Allegro
- II. Menuetto
- III. Adagio
- IV. Menuetto. Allegretto
- V. Romance. Adagio
- VI. Tema con variezioni
- VII. Finale. Molto Allegro
Serenaden er vorte nytta i filmen Amadeus frå 1984, når Antonio Salieri først møter Mozart, i ein episode av How I Met Your Mother og i filmen Bright Star frå 2009.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Serenade No. 10 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Serenade in B KV 361: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Mozart's Manuscript (K. 361) at the Library of Congress I:p. 1, II:p. 25, III:p. 34, IV:p. 44, V:p. 52, VI:p. 62, VII:p. 81
- Gran Partita: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
Serenadar av Wolfgang Amadeus Mozart | |
|---|---|
|
Nr. 1 i D, K. 100 ·
Nr. 3 i D, K. 185 (Antretter) ·
Nr. 4 i D, K. 203 (Colloredo) ·
Nr. 5 i D, K. 204 ·
Nr. 6 i D, K. 239 (Serenata Notturna) ·
Nr. 7 i D, K. 250 (Haffner) ·
Nr. 9 i D, K. 320 (Posthorn) ·
Nr. 10 i B♭, K. 361 (Gran Partita) ·
Nr. 11 i E♭, K. 375 ·
Nr. 12 i C-moll, K. 388 ·
Nr. 13 i G, K. 525 (Eine kleine Nachtmusik)
|