Andreas av Kretauvvkku 1 reps. 1;1leien ce] rájnk co:pcMálminJe
| Andreas av Kreta | |
| Fødd | 660 Damaskus |
| Død |
4. juli 740 |
| Yrke | prest, lyrikar, skribent, geistleg, komponist |
| Andreas av Kreta på Commons | |
Andreas av Kreta er ein ortodoks helgen som var biskop på Kreta på 700-talet. Han vart fødd i Damaskus i Syria på rundt 660-talet. Han var stum før han ein gong fekk nattverd, da han var sju år gamal.
Andreas tok grunnutdanninga si i Damaskus. Der vart han kjend med logikk, retorikk og antikk filosofi. Som fjortenåring reiste Andreas for å bli munk i klosteret Mar Saba, for han ønskte å tene Gud. Her vart han kjend for sin audmjukskap, intellekt og strenge liv.
Han vart kalla frå Mar Saba for å tene som skrivar i patriarkiet i Jerusalem. I 679 reiste han som patriark-vikar til Det sjette økumeniske konsilet i Konstantinopel. Like etter konsilet vart han diakon i Sofijskaja-kyrkja og ei stund leia han formynderskapet for uekte barn og eldre. Under regjeringstida til Justinianus ll vart Andreas erkebiskop på Kreta. Han døydde i 712.
St. Andreas er kjent som prest og kyrkjeleg diktar. Han har skrive mange inspirerte bøner og kyrkjelege songar, og skreiv den store angerkanonen, som vart lesen i kyrkjer under den stor fastetida. Han skreiv òg ein kanon til jul og andre festdagar.
Minnefestdagar for St. Andreas[endre | endre wikiteksten]
- 17. juli (4. juli i den julianske kalenderen)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Ortodoks kalender
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
|